2005-08-31

Kvar bur me? Eg har brukt Google Maps for å gje eit lite inntrykk, så kan de zooma ut og inn slik de vil.

Huset me bur i ligg om lag midt på dette biletet, på eit hjørne der vegen svingar litt mot venstre (nord for den breie vegen (26. juli-gata) som går aust-vest).

Skulen vår, ILI ligg om lag midt på dette biletet, i ei sidegate til venstre for den breie avenyen (Ahmed Orabi-gata) som går nord-vest.

Oversiktskart, der eg har zooma litt ut. De ser skulen mot venstre, og huset vårt til høgre. Det tek om lag 35 min å gå mellom dei.

Mogamma

Tidlegare denne veka var me på Mogamma. Det er ei stor bygning midt i Kairo der det meste av offentleg byråkrati er samla, og me måtte dit for å forlengja visaa våre. På ambassaden i Noreg fekk me nemleg berre visa for ein månad, og me skal som kjent vera her heilt fram til jol.

Skildringane av Mogamma plar vera sterkt inspirerte av Franz Kafka. Slik var fyrsteinntrykket vårt og. Me gjekk i kø gjennom mange lange korridorar, og såg inn på byråkratar som førde opplysningar inn i store protokollbøker bak kontordør etter kontordør. For oss var det likevel ikkje vanskeleg å få visa. Me måtte berre gå i tre-fire luker etter tur for å få skjema, frimerke og til slutt stempel i passa, og det heile gjekk smertefritt. Det berre tok ein dag.

Når ein tenkjer på den lange køen utanføre Politiets utlendingskontor (eller noko slikt) i Oslo, der folk som stiller seg i kø tidleg om morgonen med langt mindre von om suksess enn de me hadde, er ein freista til å beundra det egyptiske byråkratiet. Eller hugsa på at alt er lettare når du er kvit, norsk og rik - same kvar du er i verda.

Me turde ikkje ta bilete av Mogamma, men det finst heldigvis bilete av huset på Internet.

2005-08-24

Kjaeledyr

Me har ein liten, gul gekko som bur paa altanen vaar og av og til kjem fram naar det er moerkt. Han er veldig fin. Me skal proeva aa ta bilete av han, men daa maa han jo koma fram fyrst. Eg har hoeyrt at nar dei er store, staar dei ute og fyller opp kroppen med luft og ropar "gekko gekko gekko" heile natta so folk ikkje faar sova. Men vaar er berre liten og snill. Eg lurer paa om det var gekkoskit eller berre vanleg museskit eg fann i ei av boskorgene paa vaskerommet?

Framhald fylgjer

Gudrun

2005-08-20

og dessutan har ingrid kamera, so etter kvart faar de og sjaa kor fint det er her

Gudrun

Naiman, som bloggen heiter, er det ein seier paa egyptisk dialekt til nokon som kjem frisk og rein og nybarbert ut av dusjen. Det er liksom fresh og rein og fin, inkludert barbert.

No har me vore her i kairo i nesten ei veke, og byrjar aa verta vande med det. Me har byrja paa skule paa ILI - International Language Institute. Det er fint. Eg gaar i pre-klassen, der er det ca 15 stykke fraa sverige, USA, Tyskland, Japan, Sveits, Frankrike... alle jentene har tynne, tynne finsandalar og glatte legger og reine taer og velpleidde negler. Naiman. Eg trur ikkje dei gaar til skulen. Me har ein halvtimes skuleveg. Det er veldig fint, men ein vert varm og sveitt og skiten paa foetene. Kanskje eg skal proeva aa faa tak i ein sykkel.

No h ar eg laert meg alle bokstavane og tala opp til ti, og kan lesa og skriva litt arabisk. Det er som aa vera seks aar att, naar ein maa proeva aa tvinga handa aa gjera den rette, nesten umoglege, roersla for aa faa fram det teiknet ein vil skriva paa papiret. Eg hugsar kor eg sleit med aa skriva fine femtal..

Bla bla, vonar alle har det fint og at me faar nokre besoek etter kvart

I love you.

Gudrun

Hei!

No er me endeleg til stades i Kairo, etter å ha snakka om denne turen i eit halvår. Me bur på Zamalek, ei øy midt i Nilen som på mange måtar er den grøne lunga til Kairo.

Adressa vår er 2 Taha Hussein Street, Zamalek, men me veit ikkje heilt kva post-adressa er enno. Det skal me finna ut. Dersom du er i området, er du hjarteleg velkomen på vitjing.