2005-08-31

Mogamma

Tidlegare denne veka var me på Mogamma. Det er ei stor bygning midt i Kairo der det meste av offentleg byråkrati er samla, og me måtte dit for å forlengja visaa våre. På ambassaden i Noreg fekk me nemleg berre visa for ein månad, og me skal som kjent vera her heilt fram til jol.

Skildringane av Mogamma plar vera sterkt inspirerte av Franz Kafka. Slik var fyrsteinntrykket vårt og. Me gjekk i kø gjennom mange lange korridorar, og såg inn på byråkratar som førde opplysningar inn i store protokollbøker bak kontordør etter kontordør. For oss var det likevel ikkje vanskeleg å få visa. Me måtte berre gå i tre-fire luker etter tur for å få skjema, frimerke og til slutt stempel i passa, og det heile gjekk smertefritt. Det berre tok ein dag.

Når ein tenkjer på den lange køen utanføre Politiets utlendingskontor (eller noko slikt) i Oslo, der folk som stiller seg i kø tidleg om morgonen med langt mindre von om suksess enn de me hadde, er ein freista til å beundra det egyptiske byråkratiet. Eller hugsa på at alt er lettare når du er kvit, norsk og rik - same kvar du er i verda.

Me turde ikkje ta bilete av Mogamma, men det finst heldigvis bilete av huset på Internet.

2 Comments:

Blogger Magnus said...

Utlendingsdirektoratet, meiner du?

2/9/05 16:32  
Blogger Åsne Hagen said...

Er ganske sikker på at politiet gjør den praktiske delen av det der på vegne av UDI. Her i Bergen står en versjon av den samme køen bestandig utenfor døra inn til "Utlendingsavsnittet ved Hordaland Politidistrikt".

3/9/05 02:08  

Legg inn en kommentar

<< Home