2005-11-20

Jakta på nettet

Etter at me hadde drukke 164 koppar kaffi på den lokale kaféen som hadde trådlaust nettverk, installerte ein av naboane våre trådlaust nettverk. Lukka var stor då me oppdaga eit ope, trådlaust nett med det innbydande namnet "default" ein dag me sat heime og arbeidde. Frustrasjonen vart tilsvarande då det brått forsvann. Dette utløyste hektisk aktivitet for å finna ein stad i husværet der me kunne få kontakt med omverda. I sofaen? På altanen? Til slutt fann me ut at det verka om me stod i gangen og heldt maskinene 1,5 meter over golvet! Gudrun og Ingrid demonstrerer.

Dessutan har me oppdaga Skype, som let oss ringja gratis over Internettet. Så langt har me ringt og snakka med med gamle vener frå Australia til Nederland. Stort sett berre der, så andre gamle vener er òg velkomne til å ta kontakt.

(bileta kjem i morgon)

11 Comments:

Blogger Lars said...

Gratulerer med å ha oppdaget Skype! Men når det gjelder det med å ta kontakt - hva med å legge ut brukernavnene deres?

L.

23/11/05 17:36  
Blogger Ragnhild Bjorge said...

ja, kva heiter de på skype? eg òg er på skype

24/11/05 19:21  
Blogger Eva Marie said...

eg òg, men de er jo aldri der. Berre skryt av de brukar programmet, Tarjei

26/11/05 20:41  
Blogger Gudrun said...

men me er jo litt sjenerte og ikkje heilt vane med å snakka i telefonen lenger. men eg trur at namnet mitt der er gudrunjuuhl. eghar berre brukt det ein gong, altso

27/11/05 12:41  
Blogger Unknown said...

Dessutan er det ikkje så kult å stå i gangen og venta på telefonanrop, heller! De får senda ei tekstmelding dersom de vil snakka med oss ;-)

Brukarnamnet mitt er vagstol.

Helsing Utrivelege Tarjei

27/11/05 12:44  
Blogger Ragnhild Bjorge said...

men de kan jo godkjenna oss. eller kanskje det berre er meg de ikkje vil godkjenna? eg trur det er både muffens og muffins her, og likar ingen av delene særleg godt :P

28/11/05 19:22  
Blogger Unknown said...

Ja, eg skulle liksom godkjenna Ragnhild, Eva Marie og Lars, og no trur eg at at ragnhildo er godkjent, men Eva Marie og Lars finn eg ikkje nett i telefonkatalogen.

De gjer dette så vanskeleg at eg ikkje finn ord for det! Eller noko som helst. Eg har ikkje fleire ord att, når alt kjem til stykket!

30/11/05 00:16  
Blogger Lars said...

du finner meg ikke på navnet mitt. Jeg heter frittirak

L.

30/11/05 00:30  
Blogger Lars said...

og mens vi skulle være vanskelige, hva skjedde forresten med bildene. bare skryt?

30/11/05 18:48  
Blogger Unknown said...

No er du verkeleg ei klure, Lars. Då eg skreiv "i morgon", meinte eg sjølvsagt "bokra, insha'allah". No er dei iallfall her.

1/12/05 09:38  
Blogger Ragnhild said...

Mamma (73 år) og pappa (78 år) har òg skaffa seg Skype. (Dei er så søte!) Her om dagen fekk dei ei oppringing (eller kva det no heiter når ein snakkar gjennom pcen) frå Marokko. Han i andre enden snakka dårleg engelsk, tysk og fransk. (Mamma prøvde seg på alle språk før ho konkluderte dette) Mamma sa at ho var frå Norvege, og så lurte ho på kvifor han ringde, utan at ho fekk skikkeleg svar. Han mumla noko med "I love you", før han tydeleg fekk fram følgjande: "Now I'll go to the bedroom. Kiss me!" Mamma repliserte: "Go kiss yourself!" og la på/logga ut. Eg forstår ikkje så mykje av dette Skype, men eg forstår at verda kjem nærare. Både av den eine og den andre sorten:-D

6/12/05 23:59  

Legg inn en kommentar

<< Home