2005-11-19

Fayrouz



Så, noko som er bra med Egypt.

Då eg kom ned hit, var eg sterkt avhengig av [Coca] Cola. Ja, det er vel slikt som ein ikkje skal vedgå, men eg drakk faktisk gjerne 2-3 halvlitre med Cola kvar dag. Særleg på jobb, når eg var stressa. No er eg heilt avvent, og berre tanken på det sursøte klisset gjer meg kvalm! Det trur eg har to årsaker.


  1. For det første er det Pepsi (/bebsi/) som er det store her. Som kjent smakar det kvalmande søtt og ikkje så surt som Cola. Etter ein månad var eg faktisk dritlei.

  2. Det lokale sukkervatnet, Fayrouz, er fantastisk godt og smakar som ei blanding av Shio («en bedre og mer naturlig brus») og frukt-øl (det er laga med malt, men det er ikkje øl). Dessutan er det god nasseristisk politikk å boikotta amerikansk brus til fordel for eigne import-subsititutt.