2005-12-07

Ferie ferie!

No har eg levert utkast til tredje kapittel (av fem) til masteroppgåva mi til rettleiaren min, endeleg! So no er eg ferdig med det eg skulle gjera her nede, so no kan eg ha berre ferie ferie i ei veke før me reiser

Eg og tarjei skal ein tur til luxor og sjå på turistting, og elles må me sjå kva me rekk av ting me ikkje har gjort enno i Kairo, og so kjøpa presangar og seia hadet bra til folk og drikka kaffi og so -poff - plutseleg er me attende på skrivarloftet att

Ja, sånn kan det gå.

2005-12-01

Jakta på nettet, illustrert utgåve




Her kjem bileta eg lova frå "jakta på nettet".

2005-11-20

Jakta på nettet

Etter at me hadde drukke 164 koppar kaffi på den lokale kaféen som hadde trådlaust nettverk, installerte ein av naboane våre trådlaust nettverk. Lukka var stor då me oppdaga eit ope, trådlaust nett med det innbydande namnet "default" ein dag me sat heime og arbeidde. Frustrasjonen vart tilsvarande då det brått forsvann. Dette utløyste hektisk aktivitet for å finna ein stad i husværet der me kunne få kontakt med omverda. I sofaen? På altanen? Til slutt fann me ut at det verka om me stod i gangen og heldt maskinene 1,5 meter over golvet! Gudrun og Ingrid demonstrerer.

Dessutan har me oppdaga Skype, som let oss ringja gratis over Internettet. Så langt har me ringt og snakka med med gamle vener frå Australia til Nederland. Stort sett berre der, så andre gamle vener er òg velkomne til å ta kontakt.

(bileta kjem i morgon)

2005-11-19

Fayrouz



Så, noko som er bra med Egypt.

Då eg kom ned hit, var eg sterkt avhengig av [Coca] Cola. Ja, det er vel slikt som ein ikkje skal vedgå, men eg drakk faktisk gjerne 2-3 halvlitre med Cola kvar dag. Særleg på jobb, når eg var stressa. No er eg heilt avvent, og berre tanken på det sursøte klisset gjer meg kvalm! Det trur eg har to årsaker.


  1. For det første er det Pepsi (/bebsi/) som er det store her. Som kjent smakar det kvalmande søtt og ikkje så surt som Cola. Etter ein månad var eg faktisk dritlei.

  2. Det lokale sukkervatnet, Fayrouz, er fantastisk godt og smakar som ei blanding av Shio («en bedre og mer naturlig brus») og frukt-øl (det er laga med malt, men det er ikkje øl). Dessutan er det god nasseristisk politikk å boikotta amerikansk brus til fordel for eigne import-subsititutt.

Infrastruktur

Litt meir om Egypt, og ville spekulasjonar denne gongen. Ha i bakhovudet at Egypt er eit fattig land, men likevel.

På mange måtar løyser ein mange problem kollektivt her nede, og alle har mange sosiale nettverk for å ordna ting. Alle har ein onkel som kan fiksa problem som måtte dukka opp. Når det kjem til kommunikasjons-infrastruktur, derimot, er ting litt annleis.

Først, telefon. I følgje CIA World Factbook har Egypt 8,5 millionar mobilbrukarar, og 9,5 millionar fastliner. Lite i høve til Noreg, kanskje, og høvestalet mobil/fastline er omlag likt. Likevel har «alle» (eg kan sjå) her nede mobiltelefon, og dei funkar like bra som heime. Sjølv om me har hustelefon der me bur, kan kanskje dette biletet illustrera standarden på fastlinene.



Dinest, parabol. Her har eg ikkje tal, men det er ganske vanleg med parabol her. Sikkert fordi det ikkje er så mange fjell TV-mastene kan stå på. Eit bilete frå taket av nabohuset kan sikkert illustrera. Ei ordning med felles parabol (eller kabel-TV) har tydelegvis ikkje slått heilt gjennom.

2005-11-15

Heliopolis

Litt utanfor sentrum av Kairo ligg Heliopolis, ein veldig vakker bydel som vart bygd av engelskmennene kring førre hundreårskifte, i sandstein og orientalistisk stil, med breie gater og god plass. Og så har dei trikk der. Me hadde ein ekskursjon, og her er nokre bilete.




2005-11-12

Meir om å vera norsk i Kairo

Så er me kanskje ikkje så flinke til å skriva heim om alt som skjer, men heldigvis har me andre norske studentar her nede som er flinkare. Under burkaen (تحت البرقة) er veldig fin.

2005-11-09

Dyr i skogen

ml-LTLD tilbakeviser alle påstandar om noko som helst samband mellom vårt program og praksis og desse hendingane: do-øgle og valdtektsulv

Operasjonsutvalet

Framlegg til fråsegn

Ml-gruppa Lysande Tiger Løynd Drage har vedteke å koma våre norske kameratar til unnsetnad vedrørande sannsynlege sosialismevisjonar, som det vart røkt etter i avisa Klassekampen.

Matematikkutvalet i ml-LTLD har no rekna ut sannsynet for dei ulike sosialismevisjonane, men resultata er ikkje til studnad for folkets kamp, og difor graderte inntil vidare.

Eit problem i arbeidet var mellom anna at det var vanskeleg å finna ut om det var signifikant skilnad i sannsynlegheita for dei ulike alternativa.

Eitt resultat vert likevel nedgradert: Ein visjon merkte seg ut som overveldande sannsynleg, visjonen om «(eit) Sosialistisk Venstreparti i regjering». Matematikkutvalet startar no på arbeidet med å rekna ut ønskjelegheita av denne.

Inntil vidare ynskjer me våre norske kameratar god tur.

Sentralkomiteen,
statistisk utval