2005-10-19

Sverige

I dag var ein fin dag på skulen, for i dag har eg lært noko om Sverige, og tilstanden hjå kultureliten der.

I dag snakka eg nemleg med ein som heiter Olof (som ser ut som den ukjende tvillingbroren til Håvard Tangen, eg og Tarjei snakkar ofte med han for å dempa heimlengten. Heldigvis kan han om lag like mykje om alt mogleg som Håvard, so det er artig og), om ei svensk bok: "För herr Bachmanns broschyr". Boka handlar om ein mann sitt hat til sverige, og er ganske artig. Eg vil tilrå boka.

Men so tenkte eg på kven som kunne skrive ei slik bok om kor ein hata det sjellause, sjølvgode og provinsielle ved Noreg, og fann ut at det var store deler av den urbane kultureliten. Altso, om ei slik bok kom i Noreg, hadde ho ikkje vore serleg nyskapande på noko vis.

Men so då spurde eg min ven Olof, om det var slik i Sverige, at det var vanleg for kultureliten å hata Sverige. Men då sa han at i Sverige er kultureliten (og alle andre) lojale mot Sverige, og det offentlege ordskiftet prega av semje om kor bra sverige er, og at forfattaren av boka, Carl-Johan Vallgren, nok står ganske åleine med kritikken sin.

So snakka med litt om skilnadene på norsk og svensk historie, som gjer det forklarleg at eliten i Noreg er negative til det norske medan den svenske eliten er lojal. Det eg lurer på er om han olof verkeleg talar heilt sant, og om sverige er so samstemd. Det er i so fall interessant.

Difor lurte eg på om nokon visste noko om det. Magnus, du veit jo mykje om svenske opposisjonelle. Endre Otto, du verkar ikkje som du har so utruleg mykje å halda på med, du kunne kanskje lesa boka og gjera deg opp ei meining. Eller andre. Kva trur de om den svenske kultureliten i høve til den norske?

Gudrun

6 Comments:

Blogger Purisme said...

Vel, så lite å halde på med har eg ikkje. Har berre lagt meg til eit image som kul og avslappa.

20/10/05 17:02  
Blogger Gudrun said...

ok, då. eg berre las dei fine, men lange, innlegga på bloggen din om Dag Solstad i berlin (mellom anna), og då fekk eg det inntrykket. Men kva trur du om den svenske kultureliten?

Gudrun

22/10/05 15:27  
Blogger Magnus said...

Eg trur vel "den svenske eliten" ikkje er så samstemt.

Og no skriv eg utan kjelder eller noko, men mitt inntrykk er
a) kultureliten er veldig EUrosentrisk
b) det finst ein stor borgarleg, konservativ, storsvensk, sjåvinistisk elite
c) forakta og vankunna for og om alt utanom stockholm er truleg større enn den tilsvarande for alt utanom Oslo

25/10/05 15:03  
Blogger Magnus said...

Sjekk denne talen til Jan Myrdal:
http://www.ednet.se/fib/visa_info.asp?PostId=7&Avdelning=017&Sidrubrik=Textarkiv&e=e005

25/10/05 15:25  
Blogger Magnus said...

Prøv heller denne lenka

25/10/05 15:25  
Blogger Purisme said...

Kva eg trur? Sverige har i alle fall to typar kulturelitar; den verdikonservative eliten og det hedonistiske medievenstre. I Noreg står den verdikonservative veikare enn kva den tilsvarande gjer i Sverige, dvs. Magnus har rett på det området. (Det er vel difor du har meir høgtideleg kulturstoff i svensk fjernsyn + i Svenska Dagbladet enn i NRK og Aftenposten.) Den konservative svenske eliten kan så delast i ulike smågrupper igjen. Då Palme døydde, vart det feira med sjampanje hos delar av eliten. Den adelege Palme var ein svikar, for han var "ein av oss" som hadde gått over til fienden. Der er eit sterkt klassemedvit/standsmedvit, ser det ut som. Men denne eliten er ikkje så mykje framme i media som venstreeliten, er mitt inntrykk. Og det er òg mitt inntrykk at det i Sverige (som i Noreg) er ein sterk identifikasjon med staten; Langeland ville ha sagt at det er difor staten ikkje treng å førestelle seg der. Vel, vel, den som veit mest om dette er vel Angell.

26/10/05 10:39  

Legg inn en kommentar

<< Home