2005-10-09

meir sensur

Eg var endeleg paa AUC (det amerikanske universitetet i Kairo) sin eminente bokhandel i sentrum, og skulle kjoepa ei bok eg hadde faatt anbefalt av ein dansk professor eg har tatt arabiskkurs med her. Og eg visste at boka (om islamistisk mobilisering av Quintan Wiktorowicz) fanst i bokhandelen, for filialen her paa Zamalek hadde sagt det. Men ekspeditoeren leita og leita, og til slutt sa han at boka var sensurert, men han skulle undersoeka meir og ringa meg viss han finn ut noko...

Sidan eg foerst er i gang med aa klaga over sensur: dei filmkanalane me har sender fraa Gulfen dvs Dubai og saann. Og dei sender ein del amerikanske filmar som er kjekke aa sjaa paa. Men ein blir jo litt skuffa naar mesteparten av handlinga er klypt bort paa grunn av useomd. Til doemes varte Pulp Fiction i berre tre kvarter... Men det gjev jo litt ekstra spaning i film-sjaainga daa, ein kan sitta aa gjetta paa om noko hende, eller om det berre er daarleg klypping. Men visse personar i husstanden vaar trives med at det er saapassa moralsk, sidan det er dei scenene han synst er mest pinlege som blir klypt bort...