Dette er ein artikkel eg skreiv som stod på trykk (litt redigert) 7. september i avisa Klassekampen.
Presidentval i Egypt
I dag skjer det første valet der egyptarane kan velja mellom fleire enn ein presidentkandidat. Alle vala på president sidan revolusjonen i 1952 har vore folkerøystingar, der nasjonalforsamlinga har foreslått ein kandidat og folket har sagt ja til kandidaten.
Denne våren har det vore mange demonstrasjonar mot president Hosni Mubarak og for endring, og endringa i vallov som gjorde det mogleg med fleire kandidatar kan sjåast som ein reaksjon på dette. Opposisjonen har likevel vore skeptisk til grunnlovsendringa, og fleire har oppfordra til boikott. Endringa av vallov skjedde i løpet av nokre veker, etter initiativ frå presidenten, og opposisjonen stoler ikkje på intensjonane til forslagsstillaren. Det er fleire forhold som gjer at delar av opposisjonen ser på dette valet som like udemokratisk som folkerøystingane: Reglane for å stilla som kandidat er veldig strenge, det har vore uklart om det kom til å vera nøytrale observatørar, og den korte perioden mellom grunnlovsendringa og valet har gjort det vanskeleg å ha ein skikkeleg valkamp. I valet i år får kandidatar frå alle godkjende parti stilla, men regelen seinare skal vera at partia må ha minst 5 prosent oppslutning i parlamentet, langt over det noko opposisjonsparti har no. For å stilla som uavhengig kandidat krev reglane støtte frå 65 parlamentsmedlemmer, i tillegg til 185 andre folkevalde. NDP har 388 av 444 valde plassar i parlamentet, i tillegg til overveldande majoritet i både Majlis al-Shura (overhuset), og lokalforsamlingar. Grunnlovsendringa blei bekrefta gjennom ei folkerøysting, og det er også usemje om denne gjekk riktig for seg, offisielle deltakartal er på 53 % av registrerte røystarar, mens dommarforeninga anslår deltakartalet til 3 % (Al Ahram Weekly).
Det har vore usemje i dommarforeninga om dei skal vera observatørar til valet, og dermed legitimera det. Domarforeninga har ikkje fått innfridd krav om å redusera talet på valstasjonar og auka røysteperioden for å på den måten kunna ha nok folk til jobben. På eit møte fredag avgjorde dei likevel at dei skal overvaka valet, men fleire av dei kritiske dommarane blir bedt om å halda seg heime (Cairo Magazine).
Dei fleste, både folk på gata og aviskommentatorar, reknar med at president Hosni Mubarak kjem til å vinna dette valet. Det er ti kandidatar som stiller, dei viktigaste i tillegg til Mubarak er Ayman Nour frå det nystarta al-Ghad (i morgon) Partiet, og Nomaan Gomaa frå det liberale al-Wafd Partiet. Den politiske plattforma til al-Ghad og al-Wafd er ganske like, då al-Ghad er ein utløpar frå Al-Wafd. Men Ayman Nour, med sine 41 år, framstår som den unge ærgjerrige og visjonære motstandaren til Mubarak. Nour har mellom anna lova å berre styra i ein overgangsperiode på to år, og deretter skriva ut nyval. I denne perioden skal han utnemna ei koalisjonsregjering, oppheva unntakslovene og skriva ein ny konstitusjon.
Gatebiletet i Kairo er prega av plakatar av presidenten, og også handmala banner som privatpersonar og organisasjonar har hengt opp. Ein ser ein og annan plakat for dei andre kandidatane, men det er ikkje mange. Mediebiletet har også vore prega av Mubarak, sjølv om dei andre kandidatane har fått litt tid i dei offisielle kanalane. Det er vanskeleg å framstå som eit reelt alternativ for dei andre kandidatane med dei store materielle forskjellane og den korte tida valkampen har vart. I tillegg reknar ein med at det kjem til å føregå valfusk i område Mubarak ikkje står så sterkt.
Det er fleire parti som kunne ha stilt kandidat til valet som boikottar valet, fordi dei meiner det er eit skinnval. Det sosialistiske Tagammo’ partiet er eit eksempel, det islamistiske Hizb al Amal eit anna. Den egyptiske rørsla for forandring, betre kjent som Kifaya, har oppfordra til boikott. Kifaya er ei rørsle som består av venstresidefolk, nasseristar, liberalarar, islamistar med meir. Den Muslimske Brorskapen kan ikkje stilla fordi dei er forbodne, men har bestemt seg for å ikkje boikotta, men heller ikkje å offisielt støtta ein av kandidatane.
Endringa av valloven har skjedd etter at både Kifaya og Brorskapen har demonstrert for endring i vår. Men endringa kan også sjåast på som ein styrkemarkering frå presidenten, ein måte å utnytta svakheita til opposisjonen, og lata som om det er eit reelt val i staden for å tvinga folk til å røysta.
Abdel Halim Kandil, talsperson for Kifaya avviser dette:
-Opposisjonen i Egypt er ikkje sterk, men me blir sterkare. Men er regjeringa sterk? Nei, det er ei sårbar regjering som er avhengig av tryggleigspolitiet og batongar. Dette har gjort oss pessimistiske, men me ser no eit folk som går frå pessimisme til håp. Dette regimet kjem etter mi meining ikkje til å ha makta i meir enn to år framover. Viss regimet var sterkt ville det ha gitt folket eit reelt val, og latt dommarane overvaka valet på ein skikkeleg måte.
Kifaya organiserte fredag demonstrasjon for å oppfordra den egyptiske dommarforeninga til å ikkje overvaka valet. Det deltok nokon hundre aktivistar i demonstrasjonen, men politioppbodet var det mangedoble, og nye forsterkingar kom jamnleg. Resultatet frå dommarmøtet var som forventa for Kifaya-aktivistar, som forklarte det dårlege oppmøtet i demonstrasjonen med at utfallet på dommarmøtet allereie var klart. Men Kifaya lovar ny demonstrasjon i dag i Kairo sentrum på Tahrir-plassen, og det er venta at denne demonstrasjonen blir større. Demonstrasjonen mot folkerøystinga 25. mai, og demonstrasjonen mot Mubarak 30. juli endte begge valdsamt for Kifaya-aktivistar, dei blei innringa av politiet og banka opp av mobb med batongar. Demonstrasjonen i dag kan godt enda på same måten.

3 Comments:
Bra att dykk opplys oss litt. Berre eitt spørsmål. Det er altso slik at prsidenten oppnemner regjering, men kan han gjere det uavhengig av majoriteten i nasjo.forsamlinga?
Hei!
Presidenten i Egypt har veldig stor makt i foelge lova, og han oppnemner regjering. Veit ikkje om det staar nokon plass at han maa ta omsyn til majoriteten i nasjonalforsamlinga, det har uansett ikkje vore noko problem saa lenge dette systemet har eksistert (sidan dei starta med fleire legale parti ein gong paa 70-talet), sidan partiet til presidenten har overveldande fleirtal.
i thought your blog was cool and i think you may like this cool Website. now just Click Here
Legg inn en kommentar
<< Home