2005-08-24

Ting kjem tilbake...

Egyptarar er snille og aerlege. Eg veit ikkje om dei berre er det av seg sjoelv, eller om dei har strenge straffar og er redde og saann, eg trur det er mest det foerste, men det er i alle fall bra for oss gloemske nordmenn at alt me gloeymer kjem tilbake.

Det som har kome tilbake til no:
- Loneley Planet boka mi (la ho igjen paa ein kafe)
- toalettveska til tarjei (han holdt paa aa legga han igjen i ein taxi)
- kofferten til Gudrun (dette var den stoerste krisa, me gloeymde kofferten i taxien naar me skulle flytta alle tinga vaare fraa hotellet til den nye leiligheten. Det blei saa mykje staak, gutane som jobber/heng i oppgangen starta aa bera alt inn i heisen og saann, og i alt styret gloeymde me kofferten i bagasjerommet. Me meldte det til politiet, og saa fraa til doervakta, og snart visste baade huseigaren og leilighetsagenten og mange andre det, og dagen etter kom kofferten tilbake med ein litt irritert taxisjaafoer.)

Ellers har eg hoeyrd fraa andre paa skulen som har lagt igjen pass i kopimaskin og fleire andre historier, og alt kjem tilbake. Det er fint.

Ingrid.

3 Comments:

Blogger Eva Marie said...

Hei

eg hugsar når eg var i Kairo. Tarjei mista lommeboka si då me sat ute på ein kafe. Ho sklei ut av lomma, og alle egyptarane som sat på kafeen gjorde oss merksame på det. So dei er snille, ja.

Men eg trur persarar er snillare. Ein gong skal eg finna fakta til teorien min om det.

Vonar de har det bra! evamarie

25/8/05 11:42  
Blogger Ragnhild said...

Hei elle tre!!! Det var kjekt å lesa denne bloggen. Det skal eg halda fram med. Oslo er vått og grått no. Hausten er på veg. Skulle likt og vore i varmare strok, ja! Eg kan diverre ikkje kome med historier om arabarar eller persarar eg har møtt. Jau, forresten. Mohammed på Habibi er arabar, og eg trur han litt av ein forretningsmann. Eg skal feira mine 30 år der, og greidde å pruta på både pris og opningstid. Eg trur dei er eit ubyråkratisk og fleksibelt folkeslag. Vonar dei er av same sort der nede:-)

Ragnhild

25/8/05 13:45  
Blogger Lars said...

tja ragnhild, jeg vet ikke helt med dette med ubyråkratisk... men vennlige. jeg husker når jeg og tarjei var på en kafe i Cairo så gikk jeg forbi en time senere og da løp noen etter meg med cairo times som jeg hadde lagt igjen....

Dere må skrive litt mer om undervisningen på ILA snart da.

L.
3lâ Triq ila dmashq

25/8/05 19:34  

Legg inn en kommentar

<< Home